Månadsarkiv: mai 2026

Sommaravslutning

Onsdag 10. juni vert det sommaravslutning kl. 18.00-19.30. Torsdag 11. juni vert det sommaravslutning kl. 11.00-12.30. Me køyrer avslutning begge dagane for at det skal passa for flest mogleg. Alle medlemer er velkomne begge dagar, og ein treng ikkje melda … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommaravslutning

Fem representerte HBTK i veteran-NM

Fem spelarar representerte Hardanger BTK då NM for veteranar vart arrangert i Haukelandshallen i Bergen i helga. Alle viste heiderleg innsats, men ingen kom heim med gull og glitter eller glitrande plasseringar. Alle deltok i singel, medan nokon også prøvde … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Fem representerte HBTK i veteran-NM

Taide Sport vitja Hardanger BTK

Onsdag og torsdag hadde Hardanger BTK vitjing av Frank Martiniussen frå Taide Sport. Frank var til stades både på treninga onsdagskveld, open hall på dagtid torsdag og treninga torsdagskveld. Han fekk møta mange av medlemene våre, og nokre av dei … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Taide Sport vitja Hardanger BTK

Pinse, pause og NM

Grunna pinsen vert det ikkje open hall sundag 24. og måndag 25. mai. Ikkje alle i klubben tek fri i pinsen. Fem spelarar representerer klubben vår i NM for veteranar i Haukelandshallen i Bergen. Turneringa startar fredag, men våre spelarar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Pinse, pause og NM

Full hall på 17. mai!

På 17. mai møtte heile 22 personar opp i Hardanger Bordtennishall om ettermiddagen. Dette var andre gong me har hatt open hall på nasjonaldagen. Dei frammøtte kosa seg med grillmat, brus, sjokolade og snacks. I tillegg var det bordtennisspeling, leikar … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Full hall på 17. mai!

Taide Sport vitjar Hardanger BTK

Onsdag 20. og torsdag 21. mai får Hardanger BTK vitjing av Frank Martiniussen frå Taide Sport. Frank vil vera til stades både på treninga onsdagskveld, open hall på dagtid torsdag og treninga torsdagskveld. Det vil då verta mogleg å testa … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Taide Sport vitjar Hardanger BTK

Kristi Himmelfartsdag, 17. mai – og endring i treningstider

Torsdag 14. mai er det Kristi Himmelfartsdag, så då utgår både open hall på dagtid og treninga på kveldstid. Det same gjer open hall fredag 15. mai. Sundag 17. mai vert det open hall for alle som vil kl. 17.30-19.00. … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Kristi Himmelfartsdag, 17. mai – og endring i treningstider

Heros Sommarcup

Helga 20.-21. juni arrangerer Sportsklubben Heros Heros Sommarcup i Haukelandshallen i Bergen. Laurdagen er det mogleg å delta i to klassar, og det kostar mellom 110 og 210 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper, og … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heros Sommarcup

Kjøp eller leige av treningslokale

Hardanger Bordtennisklubb har leigd treningslokale i Steinsdalen dei siste fire sesongane. Klubben vurderer no å kjøpa eller leiga nytt treningslokale. Lokalet må vera minst 200 m2 og liggja sentralt i Kvam. Ta kontakt med Håvard Markhus (91535549, havard@hbtk.no) snarast dersom … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Kjøp eller leige av treningslokale

Emma debuterte i Norge

Emma Ljones var Hardanger BTK sin einaste deltakar då NM for yngre og Stiga 11-ern vart arrangert i Lørenskoghallen i Lørenskog i helga. Emma deltok i jenter 11 i Stiga 11-ern. Motstanden var tøff, så ho gjekk ikkje vidare frå … Les meir

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Emma debuterte i Norge