Tre poeng i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Aodne, Lars Henrik og Torstein

Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens sjette og sjuande kamp i 4. divisjon. Heros 3 og Fjell 3 var motstandarar i Haukelandshallen i Bergen. Begge kampane var svært spanande og jamne.

I den første kampen spela me uavgjort 5-5 mot Heros 3. HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. I tillegg kom Torstein Valland inn i ein singel. Sigrane kom ved Håvard (3), Aodne og dobbelparet Håvard/Aodne. Ein av kampane vann me 3-2, men samstundes tapte våre spelarar to kampar i femte og avgjerande sett. Sigeren var med andre ord innan rekkjevidde.

I den andre kampen vann me 6-4 mot Fjell 3. Me stilte med same mannskap, medan Fjell 3 grunna forfall berre stilte med to spelarar. Dermed vann me tre singelkampar på wo. Dei andre sigrane våre kom ved Håvard (2) og dobbelparet Håvard/Aodne. I tillegg tapte me ein kamp 3-2.

Etter å ha hatt marginane mot oss i dei to siste lagkampane sikra me oss tre viktige poeng! Hardanger BTK klatra til femteplass blant dei sju laga i avdelinga etter sju spelte kampar, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Den neste kampen vår er returoppgjeret mot Fjell 3. Det vert spela i Hardanger Bordtennishall måndag 05. februar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.