37 år!

I dag er Hardanger Bordtennisklubb 37 år! Klubben vart starta 02. februar 1987 av Amund Leiren, Sølve Skutlaberg, Håvard Markhus og Vidar Sangolt.

Me har markert bursdagen med utdeling av twist på treningane denne veka. Det vert også twist til dei som møter opp på treninga i kveld, under laurdagens seriekampar eller på open hall sundag. På sundag vert det også sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.

Me gratulerer oss sjølve med dagen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.