
Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens åttande kamp i 4. divisjon. Fjell 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. HBTK slo til med ein sterk og noko overraskande 7-3-siger!
HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. Sigrane kom ved Håvard (3), Aodne (3) og Lars Henrik. Fleire av kampane var svært jamne, og ein av dei vann me 3-2.
Dermed sikra me oss to viktige poeng. HBTK ligg no på tredjeplass blant dei sju laga i avdelinga etter åtte spelte kampar, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Målet må framleis vera å unngå nedrykk. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Den neste kampen vår er heime mot Laksevåg 4. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall måndag 19. februar.