Dugnad i samband med Norheimsund Open 2024

Laurdag 17. februar er det klart for årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund idrettshall. I samband med arrangementet treng me hjelp av medlemer, føresette og andre. Ein del har allereie teke på seg oppgåver!

Fredag kl. 16.00 skal ein del utstyr berast inn til kiosken. Ta kontakt med Jeannette Huttenlocher (95940233, jeannette@hbtk.no) dersom du kan vera med på dette.

Fredag kl. 19.30 hentar me utstyr i Hardanger Bordtennishall og køyrer det til Norheimsund Idrettshall. Deretter riggar me hallen. Ta kontakt med Håvard Markhus (91535549, havard@hbtk.no) dersom du kan vera med på dette. Nokre har allereie meldt seg.

Laurdagen treng me mykje hjelp. Jeannette har ansvar for kiosken og har tatt kontakt med dei som skal hjelpa til der. Me treng også hjelp til dømming, stemneavvikling, rydding og nedrigging. Våre vaksne medlemer spelar difor berre ein eller to klassar slik at dei også har tid til å hjelpa til. Me treng også hjelp av ungdomane og borna våre når dei ikkje spelar. Folk kan sjølvsagt ha gode grunnar til at dei må reisa frå hallen tidlegare enn andre, men me bed om at ingen av våre spelarar forlet hallen utan å ha gjeve beskjed til Håvard først.

Sundag kl. 11.00 riggar me ned det me ikkje får rigga ned laurdagen og me køyrer utstyr tilbake til Hardanger Bordtennishall. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du kan vera med på dette. Nokre har allereie meldt seg.

Alle som hjelper til under arrangementet får gratis kaffi, te og vafler i kiosken. Resten av det me handlar betalar me for.

På førehand takk til alle som hjelper til!

NB. Meir info om sjølve arrangementet kjem seinare i veka.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.