107 deltakarar frå tolv klubbar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open. I fjor var det påmeldt 97 deltakarar frå ti klubbar.
Hardanger BTK er største klubb med heile 25 påmeldte!
Turneringa vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 17. februar. Me vil truleg også ha eit par bord i amfisalen på Norheimsund skule – som ligg i det same bygget.
Spelarar frå Hardanger BTK, Laksevåg BTK, Sportsklubben Heros, Bergen PIL, Stord BTK, Skjoldar IL, Haugesund BTK, Stavanger BTK, Rosseland BTK, Randesund IL, Sandefjord TIF og NHHI deltek. Sistnemnde klubb står førebels som «Ukjent klubb», då dei ikkje ligg inne i turneringssystemet.
Blant deltakarane er verdseinar Aida Dahlen frå Randesund IL og tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson frå Stord BTK.
Dersom fleire ynskjer å melda seg på er det mogleg fram til ein halvtime før klassestart – enten til Håvard (91535549) eller i sekreteriatet i hallen laurdag.
Her ser du deltakarlistene – pr klubb og pr klasse med seeding:
Deltakarliste pr klasse med seeding
Me gjer merksam på at grunna anleggsarbeid er det begrensa med parkeringsplassar i området rundt Norheimsund idrettshall, og ein må uansett gå minst femti meter frå bil til hall.
Me ynskjer alle vel møtt til Norheimsund Open 2024!