Hardanger BTK stilte med heile 23 deltakarar og oppnådde mange flotte resultat i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall laurdag. Blant deltakarane våre var alderskilnaden 75 år frå den eldste til den yngste!
I herrar/damer dobbel vart turneringsleiar Jack Feng nummer tre saman med makker Thomas Sætre frå Bergen PIL. Dei tapte knepent 3-2 mot klassevinnarane i semien.
I herrar F hadde Hardanger BTK to mann på pallen. Lars Henrik Mo vart nummer to etter å ha tapt 3-2 i finalen – nøyaktig tredve år etter at han tok sin førre pokal i Norheimsund Open! Lars Henrik satsar på ny pokal i 2054.. Aodne Valland fylgde opp den fine HBTK-innsatsen i klassen med ein tredjeplass. Tre andre HBTK-spelarar kom også vidare frå puljespelet og enda på niandeplass; Liam Amir Jamal, Torbjørn Hustoft og Torstein Valland.
I dei yngre klassane hevda me oss veldig godt! I gutar/jenter dobbel vart Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah nummer tre. I gutar/jenter 15 vart det ein flott tredjeplass på Gustav Korshavn Vikesdal, etter at han tapte 3-2 mot klassevinnaren i semien. Broren Frede Korshavn Vikesdal fylgde opp med ein sterk tredjeplass i gutar/jenter 13. Felix van der Leest vart nummer fem i klassen, medan Kaleb Mong rauk ut i ei svært tøff pulje etter ballteljing. Hadde han teke eitt (!) poeng meir hadde han gått vidare.. I gutar/jenter 11 fekk Kaleb sin revansje med ein flott tredjeplass, etter å ha tapt ein svært jamnspelt semi mot klassevinnaren. Frede vart nummer fem i klassen etter å ha tapt knepent mot Kaleb i kvarten.
HBTK hadde seks deltakarar med i Golden Boys og Golden Girls. Best gjekk det med Jeannette Huttenlocher, som gjekk til topps i Golden Girls, og Ingrid Cook Myhre, som vart nummer to i same klasse.
108 spelarar frå tolv klubbar var påmelde til stemnet, men me fekk nokre forfall. Det er uansett ein fin auke frå i fjor, då 97 spelarar frå ti klubbar var påmelde. Hardanger BTK var største klubb med våre 23 deltakarar. Verdseinar Aida Dahlen og tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson var blant deltakarane. Sistnemnde, som bur i Øystese, men spelar for Stord BTK, gjekk til topps i herrar open.
Det vart konkurrert i fjorten klassar i årets turnering. Det vart spela på tjue bord, etter at me utvida kapasiteten med to bord i amfisalen på Norheimsund skule. I sekreteriatet hadde Jack Feng full kontroll bak datamaskina og som stemneleiar. Mange andre hjelpte til på ulikt vis. Medlemer, foreldre og andre stilte opp – både med opprigging, i kiosken og i hallen under stemnet og med nedrigging. Me takkar alle som stilte opp før, under og etter stemnet!
Hardanger BTK er veldig godt nøgde med innsats og resultat i stemnet! Me er også veldig godt nøgde med gjennomføringa av turneringa!
Neste turnering er Haugesund Open laurdag 16. mars.
Sjå elles resultatlista for Norheimsund Open, som ligg i ei eiga sak.
Me takkar alle som deltok for eit kjekt stemne, og ynskjer alle velkomne tilbake til Norheimsund Open 2025!