Nytt tap i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Aodne og Torstein

Hardanger BTK sitt førstelag spela torsdag sesongens tiande kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Me tapte 8-2.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Torstein Valland. Sigrane kom ved Håvard og Torstein. Ein av kampane vann me 3-2, medan me tapte to kampar i femte og avgjerande sett.

HBTK ligg på fjerdeplass blant dei sju laga i avdelinga, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Målet er framleis å unngå nedrykk. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me hadde håpa på poeng i dag, men ny sjanse kjem snart. Måndag spelar me vår tredje kamp på under ei veke. Då er Heros 3 motstandar i Hardanger Bordtennishall.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.