Hardanger BTK 2 spela laurdag sesongens siste kamp i 5. divisjon. Laksevåg BTK 5 var motstandar i deira bordtennishall i Bergen. Me tapte 8-2.
HBTK 2 stilte med Liam Amir Jamal, debutant Mohamad Basem Farah og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Sigrane kom ved Liam og Jeannette. Begge vann 3-2, medan Mohamad tapte ein kamp med same siffer.
HBTK 3 møter Laksevåg 5 fredag 15. mars til sin siste kamp for sesongen. HBTK 3 er allereie serievinnar.
HBTK 2 ligg på tredjeplass blant dei fem laga, men dei to laga på fjerde- og femteplass har begge ein kamp att og kan koma til å gå forbi. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.