Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens nest siste kamp i 4. divisjon. Heros 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Me vann 6-4 i ein svært jamnspelt lagkamp!
HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Håvard (3), Aodne (2) og dobbelparet Håvard/Aodne. Heros vann to av kampane 3-2, medan me vann den avgjerande dobbelkampen med same siffer. Bortelaget hadde ein matchball i dobbelkampen, og var med andre ord berre eitt poeng frå å klara uavgjort i lagkampen.
HBTK klatra til tredjeplass blant dei sju laga i avdelinga etter kveldens kamp, men me har spela fleire kampar enn dei andre laga. Målet er å unngå nedrykk, og etter dagens siger er det berre ein teoretisk sjanse for at me skal enda sist på tabellen. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Sesongens siste kamp for laget er ein heimekamp mot Bergen PIL 3. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall måndag 8. april.