På onsdagens årsmøte i Hardanger BTK tok Håvard Markhus attval som leiar. Også fleire andre tok attval i ulike verv, medan nokre fekk nye posisjonar.
Ut av sine verv gjekk Iselinn Stuve (styremedlem), Vegard Markhus (medlem i kontrollutvalet) og Jeannette Huttenlocher (medlem i valkomitèen). Me takkar desse for innsatsen!
Nye i ulike verv er Lars Henrik Mo (varamedlem i styret), Trine Alette Fykse (medlem i kontrollutvalet) og Aodne Valland (varamedlem i valkomitèen).
Me ynskjer det nye styret og dei andre valde organa lukke til!
Det nye styret ser slik ut:
Leiar: Håvard Markhus
Nestleiar: Jack Feng
Styremedlem: Kjersti Hanssen
Varamedlem: Lars Henrik Mo
Desse vart vald inn i kontrollutvalet:
Leiar: Martin Dalane
Medlem: Trine Alette Fykse
Valkomitèen ser slik ut:
Leiar: Vidar Sangolt
Medlem: Bente Maubach
Varamedlem: Aodne Valland
Under «Om klubben» øvst på sida finn du ei oppdatert oversikt over alle med faste oppgåver i klubben.
Elles så vedtok årsmøtet ny lov for Hardanger BTK – etter at Norges Idrettsforbund har gjort nokre mindre endringar i lovnorma for idrettslag.
Seks medlemer møtte på årsmøtet, som vart avvikla i Hardanger Bordtennishall. Årsmøtet kunne slå fast at 2023 var eit vellukka år for klubben!
Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida i ei eiga sak seinare.