Årsmøtet i Hardanger BTK onsdag kunne slå fast at 2023 vart eit vellukka år for klubben!
Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:
Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 26.02.2024
Innleiing
Her kjem årsmelding for 2023. Denne er kortfatta. Ei meir omfattande sesongmelding vert godkjend av styret og lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni.
Organisasjon
Klubben har hatt ordinær lovnorm sidan årsmøte i 2023.
Styret har vore samansett slik sidan sist årsmøte:
Leiar: Håvard Markhus Vald til 2024
Nestleiar: Jack Feng Vald til 2024
Styremedlem: Iselinn Stuve Vald til 2024
Varamedlem: Kjersti Hanssen Vald til 2024
Valkomitè:
Leiar: Vidar Sangolt
Medlem: Jeannette Huttenlocher
Varamedlem: Bente Maubach
Kontrollutval:
Leiar: Martin Dalane
Medlem: Vegard Markhus
Anders Hovden har vore rekneskapsførar.
Ein del verv fylgjer sesongane. Oversikt over desse står i sesongmeldingane.
Styrearbeid
Styret har gjennomført fire digitale styremøte og har i tillegg hatt kontakt via telefon og epost.
Medlemstal
Klubben hadde 73 registrerte medlemer pr. 31.12.2023.
Forbundsting, regionsting og valde representantar
Håvard Markhus representerte klubben på forbundstinget i mai og på regionstinget i juni. På regionstinget hadde Jack Feng takka nei til attval. Han gjekk dermed ut av styret i Region Vest etter seks år – det siste som varamedlem.
Eigne arrangement
Me har arrangert Norheimsund Open samt nokre mindre arrangement.
Dugnad
Kurs
Sju medlemer deltok på regionsdommarkurs i Norheimsund.
Økonomi
Økonomisk gjekk klubben med eit overskot på kr 3315,- i 2023. Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.
Diverse
Klubben leiger framleis treningslokale i gymsalen på den tidlegare yrkesskulen i Steinsdalen. Me har kontrakt fram til sommaren 2024.
Klubben fekk vitjing av den litauiske klubben Akmenė «Mažoji raketė» BTK i samband med Norheimsund Open. I august reiste me på besøk til denne klubben.
Oppsummering
Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!
Me hadde mange aktive medlemer og høgt aktivitetsnivå om våren, men opplevde ein liten nedgang om hausten. Ved utgangen av året var antal aktive medlemer og aktivitetsnivå framleis høgare enn før me fekk tilgang til eige treningslokale i Hardanger Bordtennishall. Me har også oppnådd veldig gode resultat!
Me kan vera veldig godt nøgde med året! Blant høgdepunkta var då me tangerte klubbrekorden i antal NM-medaljar under veteran-NM på Stord, då me stilte med heile elleve deltakarar på NM for yngre/Stiga 11-ern i Oslo og då tolv klubbmedlemer var på tur til Litauen.
Sjå elles sesongmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni kvart år.
Styret