Uavgjort og seriemeistrar i 5. divisjon!

Frå venstre: Kaleb, Gustav og Frede

Hardanger BTK 3 spela fredag sesongens siste kamp i 5. divisjon. Laksevåg BTK 5 var motstandar i deira bordtennishall i Bergen. Laksevåg 5 tok leiinga 5-2, men ein sterk sluttspurt av våre gutar sikra uavgjort 5-5.

HBTK 3 stilte med Gustav Korshavn Vikesdal, Kaleb Mong og debutant Frede Korshavn Vikesdal. Sigrane kom ved Gustav (3), Kaleb og dobbelparet Gustav/Kaleb. Ein av kampane vann me 3-2.

Avdelinga har vore jamnspelt, men eitt lag skil seg ut. HBTK 3 har gått gjennom serien utan tap. Laget hadde vunne sju strake kampar før det no vart uavgjort i sesongens siste kamp. HBTK 3 er dermed klare seriemeistrar og rykkjer opp! Samstundes vert Gustav Korshavn Vikesdal årets lagspelar med god margin! Me gratulerer!

HBTK 2, som også spelar i den same avdelinga i 5. divisjon, vert nummer fire eller fem blant dei fem laga. Ein kamp mellom to av dei andre laga i avdelinga vil avgjera det. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. 

Me gratulerer laga våre med ein veldig godt gjennomført sesong! Ei oppsummering av seriesesongen vert lagt ut når både 4. og 5. divisjon er ferdigspela.

Spelarane og lagleiar Martin Dalane feira opprykket med god mat etter kampen
Og til slutt vart det også is!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.