Hardanger BTK har no teke påskeferie. Dei vanlege treningane og open hall utgår i ferien, men det vil likevel vera mogleg å spela for alle som vil. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Alle er velkomne når det er folk i hallen, men barn må koma i fylgje med vaksne.
Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det vert folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Treningane startar opp att til vanlege tider over påske. Første trening vert tysdag 02. april. Sundag 07. april vert det open hall med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.
Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.
Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god påskeferie!