Jack nummer 17 i senior-NM

Jack Feng var Hardanger BTK sin einaste representant i årets senior-NM, som vart arrangert i Håkons Hall på Lillehammer i helga.

I herrar elite slo han høgare rangerte Stig Amundsen frå Harestua IL 4-1. Deretter tok han første sett, men tapte til slutt 4-1 mot Jon Lundell frå Nidaros BTK. Lundell er rangert som nummer 14 i landet – nesten hundre plassar over Jack. Dermed sikra Jack seg ein fin syttandeplass i klassen!

Årets senior-NM var ein del av NM-veka, og NRK si sending finn du her.

Neste turnering er regionsmeisterskapet på Stord laurdag 13. april.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.