Fem spelarar representerte Hardanger BTK og viste flott innsats i årets regionsmeisterskap, som vart arrangert i gamlehallen i Stord Idrettspark laurdag.
I damer dobbel var Iselinn Stuve nære regionsmeistertittelen. Saman med makker Kariann Mæland frå Stord BTK tapte ho ein svært jamnspelt finale. I herrar dobbel nøgde Håvard Markhus og makker Nils Arne Stuve frå Stord BTK seg med det som på fagspråket vert kalla heiderleg innsats..
I gutar dobbel rauk Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah ut i puljespelet med ein siger og to tap. Dei to vann også kvar sin kamp, men rauk ut i puljespelet i gutar 15. Liam var svært nære avansement då han tapte i avgjerande sett etter å ha hatt fleire matchballar i sin siste kamp i pulja.
I gutar rekrutt gjekk Murad Basem Farah til topps i B-sluttspelet!
Neste turnering er NM for junior og eldre junior med innlagte B-klassar for senior. Dette vert arrangert i Bergen 26.-28. april.