Måndag 22. april er det klart for sesongens siste heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Bergen PIL 3 kl. 18.30.
Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.
NB! At kampen skulle gjennomførast i dag vart endeleg fastsett i føremiddag. Difor vert denne saka lagt ut først no.