Ny siger i 4. divisjon!

Frå venstre: Lars Henrik, Aodne og Håvard

Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens siste kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Me vann 6-4 i ein svært jamnspelt lagkamp! Dermed har me vunne dei to siste kampane denne sesongen med 6-4!

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Håvard (2), Aodne (2), Lars Henrik og dobbelparet Håvard/Aodne. Alle på laget måtte sjå seg slått av Totlands store son; Eirik Støldal. To av kampane vann me 3-2 – ein av dei med 12-10 i avgjerande sett. Bergen PIL var med andre ord nære både uavgjort og siger i lagkampen.

HBTK ligg framleis på tredjeplass blant dei sju laga i avdelinga, men fleire av dei andre laga har kampar att. Målet har heile tida vore å unngå nedrykk, og det har me no greidd med god margin! I kåringa av årets lagspelar vert Håvard Markhus nummer to. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me gratulerer laget med ein veldig godt gjennomført sesong! Ei oppsummering av seriesesongen vert lagt ut når både 4. og 5. divisjon er ferdigspela.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.