I helga var det NM for junior og eldre junior med innlagte B-klassar for senior i Haukelandshallen i Bergen. Laurdagen stilte fire spelarar frå Hardanger BTK. Alle viste heiderleg innsats.
Måla våre før turneringsstart var å ta poeng i alle sett og at minst ein spelar skulle vinna minst eitt sett… Begge måla greidde me. Me tok poeng i alle sett, og målet om å vinna minst eitt sett viste seg å vera for lite ambisiøst. Totalt vann spelarane våre ti sett, noko me er veldig godt nøgde med.
I herrar junior B gjekk Liam Amir Jamal vidare med ein 3-2-siger og eitt 3-2 tap i puljespelet. Han spela også veldig godt i første runde i sluttspelet, men rauk likevel ut der og vart nummer ni i klassen. I herrar B vann Håvard Markhus 3-2 i ein kamp, men tapte dei to andre i pulja og rauk ut. Mohamad Basem Farah (i herrar junior B) og Aodne Valland (i herrar B) hamna i tøffe puljer og rauk ut. Det same gjorde Håvard/Aodne og Liam/Mohamad i første runde i dobbelklassane.
Neste turnering er Bergen PIL Open, som vert arrangert i Bergen 11.-12. mai.