Viktig info om trening, open hall og avslutning!

Førstkomande torsdag (09. mai) er det Kristi Himmelfartsdag, så då utgår både open hall på dagtid og treninga på kveldstid.

Onsdag, fredag og sundag denne veka er det open hall som vanleg.

Det vert avslutning for barna og ungdomane i klubben tysdag 14. mai kl. 18.00. Då vert det ulike bordtennisleikar, og det vert sjokolade og is til alle! Vaksne har open hall som vanleg denne dagen.

Treningane for vaksne og ungdomar fortset utover våren til same tider som før. Det same gjer open hall alle dagar me har dette. Barn som vil spela vidare utover våren kan koma på open hall for alle i fylgje med vaksne eller på andre treningar etter avtale.

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god Kristi Himmelfartsdag!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.