Laurdag deltok tre spelarar frå Hardanger BTK i Bergen PIL Open i Stemmemyren idrettshall i Bergen.
I den eldste rekruttklassen gjekk Murad Basem Farah til topps i B-sluttspelet! I open dobbel gjekk Håvard Markhus/Mohamad Basem Farah vidare frå puljespelet og vart nummer fem! Mohamad spela også i singelklassen Under 1400 poeng, men der møtte han tøff motstand og rauk ut i puljespelet.
Etter kampen vart det tid til Mc Donalds og tivoli i Bergen.
Neste turnering er NM for yngre og Stiga 11-ern, som vert arrangert i Skien 31. mai- 02. juni.