Open hall på 17. mai – og pinsepause

16. mai går både open hall på dagtid og treninga på kveldstid som normalt.

17. mai vert det open hall for alle som vil kl. 18-19.30. For første gong i klubbens historie – trur me – vert det mogleg å spela også på nasjonaldagen! Det vert også open kiosk med blant anna is og brus. Denne dagen er alle velkomne – enten ein kjem i bunad, dress, treningsdress eller shorts!

Sundag 19. mai vert det ikkje open hall grunna pinsen.

I veke 21 fortset treningane og open hall som normalt, bortsett frå at det no ikkje lengre er barnetrening på tysdagane. Barn som vil spela vidare utover våren kan koma på open hall for alle i fylgje med vaksne eller på andre treningar etter avtale med Håvard (91535549, havard@hbtk.no).

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god 17. mai og god pinse!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.