Støtte frå Sparebanken Vest til aktivitet og hall!

Hardanger BTK har motteke 50 000,- i lokale prosjektmidlar frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte! 20 000,- går til aktivitet medan 30 000,- går til Hardanger Bordtennishall.

Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette!

Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.