Mange i hallen på 17. mai og pinseafta!

Gjengen som var med på NM-treninga på pinseafta.

Både 17. mai og pinseafta har det vore mange i sving i Hardanger Bordtennishall. 17. mai møtte ti menneske og ein hund då me for første gong hadde open hall på nasjonaldagen. Pinseafta var til saman ni personar i hallen under ei trening for dei som skal delta på årets NM for yngre og Stiga-11-ern. Begge dagar var det is, brus og god stemning!

Bente Maubach stilte i bunad på 17. mai – og hamna på nettsida til HF.
Bente Maubach stilte i bunad og Jeannette Huttenlocher i raudt, kvitt og blått på 17. mai.
Oppmøte var godt på 17. mai!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.