Hardanger BTK gjennomførte i helga ein svært vellukka klubbtur til NM for yngre og Stiga 11-ern i Skien! Me stilte med sju deltakarar under arrangementa, som vart gjennomført i Skien Fritidspark fredag til sundag. I tillegg stilte me med ein heiagjeng på fem – beståande av foreldre, lagleiarar og klubbens yngste medlem.
Spelarane våre oppnådde fleire flotte plasseringar. I gutar 11 B gjekk Frede Korshavn Vikesdal heilt til topps! Han var ikkje seeda blant dei 31 deltakarane i klassen, men vann sju kampar på rad! Mest spennande var semifinalen. Der vann Frede 3-1 og alle setta vart avgjort med knappast mogleg margin. Me gratulerer Frede med førsteplassen!
I gutar 11 gjekk Kaleb Mong vidare frå puljespelet og sikra seg ein sterk syttandeplass! I løpet av helga tok han sett både mot vinnaren av klassen og ein av spelarane som kom til kvarten.
I gutar 11 lag vart det ein flott niandeplass på Hardanger BTK, som bestod av Kaleb og Frede. Laget vann tre kampar og tapte ein. I gutar 11 dobbel tapte Kaleb og Frede ein svært jamspelt kamp i første runde mot eit par som seinare spela jamt med sølvvinnarane i klassen.
I gutar 13 var Kaleb nær avansement frå puljespelet i ei tøff pulje, men rauk ut med ein siger og to tap. I gutar 13 B gjekk våre tre deltakarar vidare frå puljespelet. Felix van der Leest og Frede vann også første runde i sluttspelet og vart nummer ni, medan Murad Basem Farah vart nummer 17 blant dei 67 påmeldte.
I gutar 15 gjekk Gustav Korshavn Vikesdal vidare frå ei svært jamspelt pulje og sikra seg ein flott 33. plass i klassen. I gutar 15 B gjekk Mohamad Basem Farah og Liam Amir Jamal vidare frå puljespelet. Mohamad vann også første runde i sluttspelet før han tapte 3-2 i neste runde. Med det sikra han seg ein flott syttandeplass! Liam tapte 3-2 i første runde i sluttspelet og vart nummer 33 blant 82 påmeldte.
I gutar 15 dobbel rauk våre spelarane i første runde. Mohamad/Liam tapte knepent 3-2, medan Gustav/Felix tok eitt sett mot eit seeda par. I gutar 15 lag vart det to sigrar og to tap på Hardanger BTK. Gustav, Felix, Liam og Mohamad spela på laget.
Klubben er veldig godt nøgd med dei flotte resultata våre i turneringane, som samla rekordmange 350 deltakarar frå heile 36 klubbar frå heile landet. Vidare viste våre spelarar veldig bra spel og innsats! Me gratulerer spelarane med flotte resultat og ei vel gjennomført helg!
Like viktig som det sportslege var det sosiale. Me reiste i bilar og budde på hotell i Skien Fritidspark. Der hadde me gangavstand både til idrettshallen og til mange ulike aktivitetstilbod. Det vart tid til blant anna besøk i badeland, frisbeegolf, padeltennis, minigolf, trampoline og Champions Leauge-finale. Me hadde veldig kjekke dagar saman!
Dersom du vil studera resultata nærare finn du alle resultat her.
Kvar neste års NM for yngre og Stiga 11-ern vert arrangert er ikkje bestemt. Me håpar uansett like mange – eller fleire – vert med då! Alle som deltok for oss i år har moglegheit til å delta også neste år.
Dette var truleg den siste turneringa me deltek i før sommaren, men me ser fram til mange kjekke og spennande turneringar neste sesong!