Hardanger BTK si sommaravslutning tysdag vart svært vellukka! Rundt tredve personar var til stades i hallen. Dei frammøtte kosa seg med pizza, vårrullar, is, brus, frukt, sjokolade og snacks. Mange slo også nokre slag bordtennis. Det var god stemning, og dei frammøte var svært nøgde med arrangementet!
NB. Sjølv om det var sommaravslutning tysdag, vert det treningar og open hall til vanlege tider også framover. Info om når me tek sommarferie – og om moglegheita til å spela også i sommar – kjem seinare.