Hardanger BTK stilte med tre lag i seriespelet sesongen 2023-2024. Førstelaget enda på fjerdeplass i 4. divisjon, andrelaget enda på fjerdeplass i 5. divisjon og tredjelaget gjekk til til topps i 5. divisjon. Her kjem ei oppsummering av sesongen.
I 4. divisjon avdeling VN vart førstelaget nummer fire blant åtte lag. Laget vann fire kampar, spela tre uavgjort og tapte fem kampar. Dette gav 11 poeng. Kampkvoten var 51-69.
Fire spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Håvard Markhus, Aodne Valland, Lars Henrik Mo og Torstein Valland. Håvard var lagleiar.
I kåringa av årets lagspelar vart Håvard nummer to med 97 poeng.
I 5. divisjon avdeling VN vart Hardanger 3 klare seriemeistrar! Laget vann sju kampar og spela ein uavgjort. Dette gav 15 poeng. Kampkvoten var 56-24.
Sju spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Gustav Korshavn Vikesdal, Kaleb Mong, Felix van der Leest, Levi Mong, Aodne Valland, Torstein Valland og Frede Korshavn Vikesdal. Martin Dalane var lagleiar.
Gustav vart årets lagspelar i avdelinga med soleklar margin! Med 71 poeng hadde han nesten dobbelt så mange poeng som nummer to i kåringa!
Hardanger 2 enda som nummer fire blant dei fem laga i same avdeling. Laget vann to kampar, spela ein uavgjort og tapte fem kampar. Dette gav 5 poeng. Kampkvoten var 32-48.
Sju spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Liam Amir Jamal, Lars Henrik Mo, Jannik Huttenlocher, Jeannette Huttenlocher, Torbjørn Hustoft, Kristoffer Fonnaland og Mohamad Basem Farah. Jeannette var lagleiar.
Liam vart nummer fire i kåringa av årets lagspelar i avdelinga med 36 poeng.
Hardanger BTK er veldig godt nøgde med seriesesongen, og me ser fram til nye spennande kampar i seriesystemet neste sesong!