Jeannette vert styremedlem i regionsstyret

Jeannette Huttenlocher vart vald som styremedlem i Region Vest under regionstinget i Bergen sundag. Dermed er Hardanger BTK igjen representert i regionsstyret – etter at me ikkje har vore det det siste året. Otto Hatlebakk frå Laksevåg BTK er ny regionsleiar. Jeannette representerte klubben på regionstinget saman med Aodne Valland. Begge deltok via Teams.

Hardanger BTK sine to forslag om endringar i regelverk for seriespel i regi av regionen vart vedteke. Ingen kampar i lokalt seriespel kan utsetjast meir enn to veker, og lokalt seriespel skal vera avslutta seinast 15. april.

Me ynskjer styret lukke til med arbeidet i regionen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.