Jack Feng har meldt overgang til Bergen PIL. Jack har spela for Hardanger BTK heilt sidan han byrja å spela bordtennis, og han er den spelaren klubben har oppfostra som har nådd lengst. Jack har blant anna fleire NM-medaljar og mange kampar i eliteserien. Han har 124 A-lagskampar for klubben, og var med på reisa frå 3. divisjon til eliteserien med førstelaget. Han har også stått for andre sterke prestasjonar som spelar.
Jack har også vore sentral i klubben på andre måtar. Han vart leiar i klubben på 18-årsdagen, og har vore med i styret samanhengande sidan då. No er han nestleiar. Jack er også utdanna forbundsdommar, og han er ein av regionens beste turneringsleiarar. Han har også hatt verv i regionsstyret i mange år.
Det siste året har Jack spela seriespel på utlån til Bergen PIL i 2. divisjon. No melder han overgang. Nok ein gong mister Hardanger BTK ein av våre beste spelarar, men me gler oss over at Jack framleis er med i klubben vår som nestleiar.
Hardanger BTK takkar Jack for alt han har gjort for klubben vår så langt! Me ynskjer han lukke til i Bergen PIL, og velkomen tilbake ved eit seinare høve!