Nytt premieskap!

Klubben vår har i fleire tiår hatt premieskap i Norheimsund idrettshall. Sidan me no held til i Hardanger Bordtennishall, ynskte me å ha premiane våre der. Det gamle skapet – som me fekk i gåve frå Kvam herad då klubben var ti år – var det ikkje så enkelt å flytta. Difor tok Bente Maubach turen til Bergen for å kjøpa nytt skap.

91-åringen Lars O. Aksnes frå Vikøy – som er ein kunstnar i møbelsnekkarfaget – har hjelpt oss med å laga ein flott låsbar sokkel til skapet. Han har tidlegare hjelpt oss med å reparera skapdører på kjøkenet gratis. Klubben takkar for god hjelp, og gler oss over at me no kan ha premiane våre på utstilling i eit flott premieskap i hallen vår! Og til slutt: det er god plass i skapet, så medlemane våre kan berre fortsetja å vinna premiar i lagklassar og seriespel!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.