Her kjem sesongmelding for sesongen 2023-2024. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du oppdagar feil eller manglar i sesongmeldinga.
Sesongmelding Hardanger Bordtennisklubb sesongen 2023-2024 08.08.2024
Innleiing
Her kjem sesongmelding for sesongen 2023-2024. HBTK lagar kvart år ei kortfatta årsmelding og ei meir omfattande sesongmelding. Desse utfyller kvarandre.
Årsmeldinga vert godkjend på årsmøtet, medan sesongmeldinga vert godkjend av styret. Begge vert lagt ut på hbtk.no.
Organisasjon
Økonomisk leiar: Erlend Skeie Langeland
Sportsleg leiar: Håvard Markhus
Dugnadsansvarlege:
Jeanette Huttenlocher, Bente Maubach
Sponsoransvarlege: Erlend Skeie Langeland, Håvard Markhus
Trenarar: Håvard Markhus, Jan Visser
Ansvarlege for open hall: Bente Maubach, Lars Henrik Mo, Håvard Markhus, Jan Visser
Lagleiarar: Håvard Markhus (HBTK 1), Jeannette Huttenlocher (HBTK 2), Martin Dalane (HBTK 3)
Medlemsansvarleg: Håvard Markhus
Påmeldingsansvarleg: Håvard Markhus
Materialforvaltar (innkjøp): Håvard Markhus, Jack Feng
Materialforvaltar (reparasjonar): Vidar Sangolt, Jan Visser, Bente Maubach
Politiattestar: Ivo Beijersbergen
Nettredaktør: Håvard Markhus
Veterankontakt: Jeannette Huttenlocher
Nokre verv fylgjer perioden mellom årsmøta. Oversikt over desse står i årsmeldingane.
Medlemstal, rekruttering, treningar
Klubben hadde 73 registrerte medlemer pr. 31.12.2023. Klubben har hatt eige treningslokale i Hardanger Bordtennishall også denne sesongen. Me har denne sesongen hatt ein liten nedgang i antal aktive medlemer og aktivitetsnivå, men både antal aktive medlemer og aktivitetsnivå er framleis høgare enn før me fekk tilgang til eige treningslokale Rekrutteringa har vore ganske god. Me har framleis mange aktive medlemer – både barn, ungdomar og vaksne og av begge kjønn! Klubben har hatt trening eller open hall i Hardanger Bordtennishall fem dagar i veka.
Seriespel
Hardanger BTK stilte med tre lag i seriespelet sesongen 2023-2024. Grunna overgangar til andre klubbar trekte me laga me kunne hatt i 1. og 3. divisjon. Førstelaget enda på fjerdeplass i 4. divisjon, andrelaget enda på fjerdeplass i 5. divisjon og tredjelaget gjekk til topps i 5. divisjon.
På førstelaget spela Håvard Markhus, Aodne Valland, Lars Henrik Mo og Torstein Valland. På andrelaget spela Liam Amir Jamal, Lars Henrik Mo, Jannik Huttenlocher, Jeannette Huttenlocher, Torbjørn Hustoft, Kristoffer Fonnaland og Mohamad Basem Farah. På tredjelaget spela Gustav Korshavn Vikesdal, Kaleb Mong, Felix van der Leest, Levi Mong, Aodne Valland, Torstein Valland og Frede Korshavn Vikesdal.
Håvard Markhus var lagleiar for førstelaget, Jeannette Huttenlocher for andrelaget og Martin Dalane for tredjelaget.
I kåringa av årets lagspelar i 4. divisjon vart Håvard nummer to. I 5. divisjon vart Gustav Korshavn Vikesdal årets lagspelar med soleklar margin! Her vart Liam Amir Jamal nummer fire.
Deltaking i turneringar i Noreg
Klubben har denne sesongen hatt deltakarar med i NM for yngre/Stiga 11-ern, NM for junior og eldre junior med innlagte B-klassar for senior, senior-NM og veteran-NM. I tillegg har me delteke i eitt Norges Cup-stemne, Trondheim Open og diverse lokale stemne.
Resultat
Spelarane våre har oppnådd mange flotte resultat i lokale turneringar! I nasjonale turneringar stod Frede Korshavn Vikesdal for den beste prestasjonen då han gjekk heilt til topps i Gutar 11B under Stiga 11-ern! Kaleb Mong fekk ein fin 17. plass i gutar 11 i den same turneringa. I senior-NM vart Jack Feng nummer 17 i herrar elite.
Klubbmeistrar
Klubbmeistrar 2023 vart Håvard Markhus (herrar open), Bente Maubach (Golden Girls), Dag Ivar Tangen (Golden Boys), Felix van der Leest (gutar 15) og Lars Henrik Mo/ Murad Basem Farah (herrar/damer dobbel).
Forbundsting, regionsting og valde representantar
Aodne Valland og Jeannette Huttenlocher representerte klubben på regionstinget i juni. Jeannette vart vald til styremedlem i Bordtennisregion Vest.
Eigne arrangement
Klubben har arrangert Norheimsund Open og nokre mindre arrangement.
Sponsorar og støtte
Kvam Auto har vore generalsponsor. Klubben har hatt hovudsponsoravtalar med GBS, Kvam Kraftverk og Thon Hotel Sandven. Me har også hatt fleire mindre sponsoravtalar. Me har fått støtte frå Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger.
Media
I løpet av sesongen har klubben hatt god dekning i Hordaland Folkeblad.
Innkjøp av utstyr og drakter
Me har i løpet av sesongen kjøpt ny bordtennisrobot, nytt premieskap og fire nye bord. Me har framleis ein svært god utstyrspark!
Treningsforhold og hall
Klubben inngjekk leigekontrakt på den tidlegare yrkesskulen i Steinsdalen sommaren 2022. Der leiger me eige treningslokale i gymsalen. Me har no nytta dette lokalet i to sesongar, og i løpet av sommaren forlenga me avtalen om leige fram til sommaren 2025. Klubben har veldig gode treningsforhold i lokalet – som har fått namnet Hardanger Bordtennishall.
Dugnad
Åtte ungdomar og fire vaksne frå klubben vår vitja den litauiske klubben Akmenė «Mažoji raketė» BTK i august 2023. Turen var svært vellukka!
Oppsummering
Klubben har gjennomført ein sesong der me har hatt mange aktive medlemer og høgt aktivitetsnivå. Me har stor glede og nytte av å ha eige treningslokale. Me har også oppnådd gode resultat! Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!
Me kan vera veldig godt nøgde med sesongen! Blant høgdepunkta var då me arrangerte og stilte med 23 deltakarar i Norheimsund Open, då me stilte med sju deltakarar på NM for yngre/Stiga 11-ern i Skien og då tolv klubbmedlemer var på tur til Litauen.
Sjå elles årsmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter årsmøte kvart år.
Styret