Hardanger BTK kan med stor glede melde om at GBS Entrepenør AS vert generalsponsor for klubben den neste sesongen! Dette vil vera synleg både på våre spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. GBS har vore hovudsponsor for klubben dei siste sesongane. No aukar dei støtta til oss og vert generalsponsor!
GBS er eit entrepenørfirma som held til i Øystese. Meir info om dei finn du her.
GBS er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK framleis glede av dette! Me gler oss over at GBS vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar i tida framover.
Me takkar GBS for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som generalsponsor for oss! Me ser fram til vidare samarbeid!