Vellukka torgdag!

Laurdag vart den tradisjonsrike torgdagen arrangert i Norheimsund. Hardanger Bordtennisklubb var på plass med stand. Me hadde med oss to bordtennisbord, eitt minibord og informasjon om klubben. Det var flott vèr og mykje folk på torgdagen. Veldig mange var innom vår stand for å prøva bordtennis! Heile åtte representantar for klubben stilte opp på dugnad under torgdagen. Me gjennomførte ein vellukka torgdag, og håpar å sjå endå fleire i hallen vår etter arrangementet!

Klubbmaskoten var på plass!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.