Laurdag 26. oktober arrangerer Fjell årets utgåve av Fjell Cup i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen.
I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 100 og 200 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper og det er eigen rekruttklasse. Dette er eit nytt namn på det som tidlegare heitte nybyrjarklasse. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 21. oktober.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
NB: Alle som er fødd i 2012 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklassen.