Kvam Auto AS fortset som generalsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at Kvam Auto AS fortset som generalsponsor for klubben den neste sesongen! Dette vil vera synleg både på våre spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. Kvam Auto har vore generalsponsor for klubben også dei siste to sesongane, og dei har tidlegare vore hovudsponsor for oss i fleire periodar. 

Kvam Auto er ein verkstad som held til i Norheimsund. Meir info om dei finn du her.

Kvam Auto er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK framleis glede av dette! Me gler oss over at Kvam Auto vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar i tida framover.

Me takkar Kvam Auto for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å fortsetja som generalsponsor for oss! Me ser fram vidare samarbeid!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.