
Framme frå venstre: Mohamad, Liam og Murad
Hardanger BTK sine sju deltakarar sikra klubben fleire flotte resultat i Stord Cup, som vart arrangert i Stord idrettspark laurdag.
I gutar dobbel vart det ein flott tredjeplass på Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah! Dei var svært nære finaleplass, då dei tapte 13-11 i femte og avgjerande sett i semifinalen. Liam fekk også ein sterk femteplass i gutar 15. Her spelte han også fleire svært jamne sett mot klassevinnaren. Mohamad var berre eit par poeng frå å gå vidare frå puljespelet i herrar F.
I damer open slo Jeannette Huttenlocher til med tredjeplass! Ho var berre nokre få poeng frå andreplassen i klassen. Murad Basem Farah vart nummer to i B-sluttspelet i den eldste rekruttklassen. Han vann også klart mot spelaren som vart nummer to i klassen. I gutar 15 var Murad berre to poeng frå å gå vidare frå puljespelet.
Aodne Valland vart nummer ni i herrar D. I herrar E rauk han ut i puljespelet etter ballteljing. Han mangla eitt poeng på å gå vidare… Tidlegare på dagen slo Aodne klassevinnaren i herrar E klart. Likevel gjekk han sjølv ikkje vidare frå puljespelet. Det viser at det er mange jamne spelarar med i desse klassane.
Lars Henrik Mo var berre eitt poeng frå å gå vidare frå puljespelet i herrar D, og han var også med i det som truleg var dagens lengste sett då han vann 23-21 i eitt sett.. Håvard Markhus bidrog med heiderleg innsats i herrar dobbel og var lagleiar resten av dagen.
Som oversikta over viser var våre spelarar berre eitt eller to poeng frå betre plasseringar i ei rekkje klassar. Likevel kan me i Hardanger BTK vera godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa og med ein vellukka og kjekk tur til Stord!
Neste turnering er Fjell Cup i Bergen laurdag 26. oktober.


