Uavgjort i 4. divisjon

Frå venstre: Lars Henrik, Aodne og Håvard

Hardanger BTK sitt førstelag spela onsdag sesongens første kamp i 4. divisjon. Fjell var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Kampen enda 5-5.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Håvard (3), Aodne (1) og dobbelparet Håvard/Aodne.

HBTK ligg på delt tredjeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.

Dei neste kampane går førstkomande laurdag. Då møter me Laksevåg 4 og Heros 3 i Bergen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.