Vellukka stand på fritidsmesse!

Mange ville prøva bordtennis under fritidsmessa!

Torsdag arrangerte Kvam herad fritidsmesse i Øystese idrettshall. På messa presenterte organisasjonar og andre aktørar sine tilbod for alle 5.-10. klassingar i heradet. Målet med messa var å få fleire unge engasjerte i ulike tilbod på fritida.

Hardanger BTK stilte med to bord og eitt minibord. Ni av våre medlemer – ein del av dei var ungdomar – stilte opp i samband med arrangementet. Standen vår var svært populær! Veldig mange elevar var innom for å prøva bordtennis! No håpar me på at nokre av barna og ungdomane også vil koma på trening i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.