Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens andre og tredje kamp i 4. divisjon. Laksevåg 4 og Heros 3 var motstandarar i Bergen. Begge kampane enda med 7-3-tap, men me var svært nære poeng mot Heros 3.
Mot Laksevåg 4 stilte HBTK med Håvard Markhus, Liam Amir Jamal og Jeannette Huttenlocher. Sigrane kom ved Håvard, Liam og dobbelparet Liam/Håvard. Liam hadde matchball mot seg i tredje sett, men snudde til siger i sin første kamp i 4. divisjon!
Mot Heros 3 stilte me med Vegard Markhus i tillegg til Håvard og Liam. Sigrane kom ved Håvard (2) og Vegard. Sistnemnde slo altså til med ein siger då han spela sin første lagkamp på halvanna år. I tillegg tapte me tre svært jamne kampar i avgjerande sett, så her var me veldig nære både uavgjort og siger. Dette var overraskande, særleg sidan Heros 3 stilte med eit forsterka lag denne dagen.
HBTK ligg på fjerdeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.
Neste kamp er ein heimekamp mot Bergen PIL 2. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall fredag 22. november.