
I løpet av dei siste to vekene har tre ulike grupper frå Kvam LSK sin idrettsskule hatt kvar si økt med bordtennis i Hardanger Bordtennishall. Til saman har vel tretti barn fått prøva bordtennis. Hardanger BTK har stilt med fleire instruktørar og sparringspartnarar, og har hatt eit variert opplegg med rundbord, speling, triksing og leikar. Alle har også fått prøva bordtennisroboten. No håpar me at fleire av barna vil fortsetja med å spela bordtennis i klubben vår!