Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag to kampar i 5. divisjon. Heros 4 og Heros 5 var motstandarar i Haukelandshallen i Bergen. Våre spelarar viste mykje godt spel, men likevel enda begge lagkampane med siger til Heroslaga.
HBTK møtte først Heros 4. Dette laget slo me 7-3 i serieopninga, men i dag var det bergensarane som vann med same siffer. Me stilte med Liam Amir Jamal, Jeannette Huttenlocher og Mohamad Basem Farah. I tillegg kom Murad Basem Farah inn i ein singel samt dobbel. Sigrane kom ved Mohamad og Liam (2). Me vann to kampar 3-2, medan me tapte to kampar i femte og avgjerande sett.
I andre kamp vart det eit knepent 6-4-tap mot Heros 5. Her stilte me med Torstein Valland i tillegg til Liam og Mohamad. Murad kom inn i ein singel. Sigrane kom ved Torstein, Mohamad og Liam (2). Her vann me to kampar 3-2. I løpet av dagen vann Liam tre kampar i femte og avgjerande sett!
HBTK ligg på tredjeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.
Neste kamp er ein heimekamp mot Laksevåg 5. Den går i Hardanger Bordtennishall laurdag 04. januar.