Ny uavgjort i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Aodne og Torstein

Hardanger BTK sitt førstelag spela tordag sesongens femte kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Kampen enda 5-5. For tredje gong denne sesongen spela me uavgjort, så me ser ut til å vera avdelingas fremste uavgjortspesialistar!

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Torstein Valland. Sigrane kom ved Håvard (3), Aodne og dobbelparet Håvard/Aodne.

HBTK ligg på fjerdeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kamp.

Neste kamp går torsdag 16. januar. Då møter me førstelaget til Fjell i Bergen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.