Norheimsund Open 2025 – info til eigne medlemer

Laurdag 15. februar arrangerer Hardanger BTK Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall.

I dette stemnet er det mogleg å delta i tre klassar, men sidan me skal arrangera turneringa må me begrensa antal klassar ein del av oss deltek i. For HBTK-medlemer kostar det mellom 35 og 100 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper. Det er dobbelklassar og eigen rekruttklasse. Me arrangerer også Golden Girls og Golden Boys, som er klassar for spelarar som ikkje er aktive i konkurransar. Invitasjonen finn du lenger nede på sida.

Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 06. februar.

NB: Alle som er fødd i 2012 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje Golden Girls, Golden Boys og rekruttklassen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.