Liam deltok på regionsamling

Jeannette Huttenlocher var med på å organisera samlinga, medan Liam Amir Jamal deltok.

Liam Amir Jamal deltok i helga på ei regionssamling i Laksevåg Bordtennishall i Bergen. 15 unge, lovande spelarar frå heile regionen deltok på samlinga. Spelarane gjennomførte fire treningsøkter. Stemninga var god, og alle fekk med seg tips heim. Liam var veldig godt fornøgd med samlinga!

Tidlegare HBTK-spelar og trenar Kjetil Sætre (til høgre) var blant trenarane på samlinga.
Dei tilreisande spelarane budde på Montana Vandrarheim. Også der vart det bordtennisspeling.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.