Laurdag 01. mars arrangerer Haugesund BTK årets utgåve av Haugesund Open i Skåredalen idrettshall i Haugesund.
I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 130 og 200 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigen rekruttklasse. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 19. februar.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
NB: Alle som er fødd i 2012 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklasse.