Fredag 31. januar er det heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Laksevåg 4 kl. 18.30.
Laurdag 01. februar er det heimekamp i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt andrelag møter Bergen PIL 3 kl. 12.00.
Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampane! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.
Sundag 02. februar er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er vel møtt, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Denne sundagen er det også bursdagsmarkering. Hardanger BTK vart starta 02. februar 1987, så på sundag er klubben 38 år!