Slo serieleiaren i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Lars Henrik, Mohamad, Aodne og Liam

Hardanger BTK sitt førstelag spela fredag sesongens sjuande kamp i 4. divisjon. Laksevåg 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Me vann 6-4! Dermed vart me det første laget som slo serieleiaren denne sesongen, men det må leggjast til at dei kom til Hardanger i ei svekka utgåve. Dette vart også vår første siger denne sesongen.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. I tillegg kom Liam Amir Jamal og førstelagsdebutant Mohamad Basem Farah inn i dobbel. Sigrane kom ved Håvard (3) og Aodne (3). I tillegg tapte me knepent 3-2 i dobbelen.

HBTK ligg på femteplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.

Neste kamp er ein heimekamp mot Fjell 2. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall torsdag 27. februar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.