Tap i 5. divisjon

Frå bakerst: Mohamad, Liam, Murad og Felix

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens femte kamp i 5. divisjon. Bergen PIL 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall, og serieleiarane frå Bergen vann 8-2.

HBTK stilte med Liam Amir Jamal, Felix van der Leest og Mohamad Basem Farah. I tillegg kom Murad Basem Farah inn i ein singel og dobbel. Sigrane kom ved Liam og Mohamad. I tillegg tapte Liam ein kamp i femte og avgjerande sett.

HBTK ligg på fjerdeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.

Neste kamp er returoppgjeret mot Bergen PIL 3, som vert spela i Bergen fredag 28. februar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.