
Sundag var Hardanger Bordtennisklubb 38 år! Klubben vart starta 02. februar 1987 av Amund Leiren, Sølve Skutlaberg, Håvard Markhus og Vidar Sangolt.
På bursdagen var det Vaffelsundag – slik det er første sundagen kvar månad. Denne sundagen var vaflene gratis grunna bursdagen. Det var også utdeling av twist til dei frammøtte. Klubben spanderte også twist i samband med seriekampane fredag og laurdag, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at det kan verta utdeling av twist på nokre treningar denne veka også..
Me gratulerer oss sjølve med dagen!
