Tap i 5. divisjon

Frå venstre: Vegard, Murad og Mohamad

Hardanger BTK sitt andrelag spela fredag sesongens sjette kamp i 5. divisjon. Bergen PIL 3 var motstandar i Bergen, og serieleiarane frå Bergen vann 10-0.

HBTK stilte med Vegard Markhus, Murad Basem Farah og Mohamad Basem Farah. HBTK tapte 3-2 i heile fire av kampane og me tok sett i ytterlegare to kampar. Dette var med andre ord ein lagkamp som var langt jamnare enn kva sluttresultatet tilsa.

HBTK ligg på femteplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her.

Dei neste kampane er bortekampane mot dei to laga til Laksevåg. Dei vert truleg spela i Bergen laurdag 15. mars.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.